Bryllup på Astral i Oslo

Flott interiør og god stemning inne på Astral. Foto: Vegard Giskehaug

Flott interiør og god stemning inne på Astral. Foto: Vegard Giskehaug

Astral opna dørene for første gong i 2016. Restauranten ligg sentralt til i hovudstaden og har lokala sine i ein del av det tidligare industriområdet til Lilleborg. Omkransa av industribygg, og med Akerselva glidande forbi på nordaustsida, ligg restauranten vakkert og skjerma til. Lokalet har eit røft og industrielt preg. Store vindaugsflater og moderne inventar gir også gode rammer for brudepar som ønsker bryllupet sitt i eit urbant, unikt og utradisjonelt miljø.


Skrevet av: Kristianne Marøy


Mange vakre portrett-locations rett i nærheten! Foto: Kristianne Marøy

Mange vakre portrett-locations rett i nærheten! Foto: Kristianne Marøy

Vigsel, fotografering og middag på same stad

For brudepar som ønsker å gifte seg i byen, forenkle logistikk og maksimere tida til å vere saman med nære og kjære som er samla for å feire dagen med dei, er Astral eit godt alternativ. Her kan du både ha utevigsel, portrettseanse i nabolaget/langs Akerselva, middag og fest. Utearealet inkluderar eit platå som passar utmerka for utandørs vigsel. Med Akerselva, fuglesang og store tre i bakgrunnen, setter dette ei fin, grøn ramme for ein personlig og skjerma sommarseremoni. Til vigselen har også Astral ein kvit bryllupsboge til disposisjon for dei som kunne tenke seg å låne denne. Historia bak bogen går tilbake til den første utevigselen arrangert på Astral. Då snekra faren til bruda ein boge som dottera fekk gifte seg under, og bogen fekk bli på Astral. Bogen kan sjølvsagt pyntast etter ønske, kanskje med dei same blomane som er i brudebuketten eller i festlokalet? Etter ein utandørs vigsel her kan brudeparet rusle ein tur med fotografen medan gjestane får ein aperitiff, noko godt i glaset og tid til å mingle og bli kjende før middag. 

Slik ser lokalet ut

Sjølve restaurantlokale er ein fusjon av gamalt og nytt, der teglsteinsveggar og svarte stålkarmar møtar tidsriktig og kreativt interiør. Langs veggar og skråtak slepp store vindauge inn rikelig med lys (til stor entusiasme for oss fotografar!), og kjøkkenet har ei open løysing ut mot restauranten som er med å set ei avslappa, uformell stemning. 

Foto: Kristianne Marøy

Foto: Kristianne Marøy

Kjøkkenet og staben

Sjølv om restauranten er relativt ny er besetninga erfarne bransjefolk som har lang fartstid med å arrangere bryllup. For Astral er kvart enkelt bryllup viktig, og dei legg mykje tid i å tilpasse og organisere dagen i samråd med brudepara for at den skal bli best mogeleg. Det vere seg å skreddersy meny og drikkekart, dekorere lokalet med blomar frå den lokale blomsterforhandleren på Torshov (om du ikkje ønsker å pynte sjølv), eller kome med praktiske tips til middag og fest. Med lang fartstid i bransjen følger også eit stort nettverk, som kan vere til stor fordel for brudepar i planleggingsfasa. Eit konkret eksempel er at fleire brudepar har ønska å halde fram med festen etter at Astral stenger (kl. 01.00). Då finnes det tips på huset om kvar du til dømes kan leige egna, private lokale for fortsettelse av festen. Ein ting er i alle fall sikkert om du bookar bryllupet ditt på Astral: her får du upåklagelig mat, raus service og god hjelp! 

Praktiske opplysningar

• Moglegheit for opptil 150 gjestar. Ideelt antal: 135 og under.

• Flotte urbane uteareale rett ved Akerselva.

• Mat og drikke bestillast på Astral.

• Moglegheit for utandørs vigsel.

• Moglegheit for eige dansegolv med plass til DJ (DJ må leigast).

• Anlegg med høgtalerar finnast på huset.

• Tidspunkt for start av pynting etter avtale, men må skje samme dag som bryllupet. 

• Rullestol-tilgong både til restauranten og toalett.

• Gateparkering i Ivan Bjørndals gate og Treschows gate mot betaling utover 1 time.

• Godt med kollektivtransport i området, både bussar, trikkar og nattbussar.

• Festen må avsluttes seinest kl. 01.00.


Vil du booke fotograf til bryllupet ditt på Astral?